Til Portugal nesten heilt på skinner

Ei togreise utan store hendingar tok oss vidare til Madrid for eit overnattingsstopp. Men det vart nokre lange timar sidan me ikkje hadde sikra oss niste på vegen. Utvalget i kiosken var ikkje berekna på svoltne norske damer på tur! På vegen beundra me dei mange og store pinjeplantasjane som særpregar landskapet her og fann…

Sjarmerande San Sebastian

Frå Bordeaux var det berre nokre få timar med toget til grensebyen Hendaye og me reiste så tidleg at me ikkje opplevde demonstrasjonen som var varsla i sentrum denne dagen. Det siste stykket over grensa til den baskiske hovedstaden, som har namnet Donastia på sitt eige språk, gjekk med ein mindre «bybane». Den tok berre…

Betatt av Bordeaux

Frå Paris gjekk det strake vegen til Bordeaux der me hadde lagt inn ein ekstra dag for å få med oss vinsmaking. Men det var også spennande matopplevingar som venta oss. Ein sein middag i mjuk kveldstemning på Place Saint-Michel, gav ein fin forsmak på kva vi hadde i vente i vinbyen. Til dei ulike…

Gardskjøkkenet på nye eventyr

Endelig ny togtur! Omlag et år etter me kom heim frå forrige tur, reiser me ut igjen, no er venninnegjengen på tur utvida til fire. Å reise med tog tar lengre tid, og gir mulighet for fleire opplevingar undervegs. Dersom ein droppar nattog og heller overnattar i byar på vegen, blir «transportetappar» meir enn berre…

Gardskjøkkenet er med i kampen mot kasting av mat

I boka Henjatunet. Mat frå Sogn er nettopp poenget å laga mat slik at råvarene blir brukt når dei er på sitt beste og vert henta frå ein stad nær deg. Då har du ikkje behov for å ha store lager og du reduserer risikoen for at maten går ut på dato før han vert…

Svart rot blir grønt lyspunkt

Sjå kva eg fann ute i pallekassen min her om dagen! Det er altså slik at fleire grønsaker toler og faktisk trivst med vår lange og kalde vinter. Eg har tidlegare vore innom jordskokken fleire gonger, denne verdifulle jordknollen som kan overvintra og haustast på tidspunkt der ingenting anna veks. Svartrota, som også er kjend…

Festlege februar

Festdagane står i kø no og det treng me kanskje på denne tida. Morsdag på søndag og Valentinsdag på torsdag. Begge er dagar der me gjer stas på nokon me set høgt. Det må sjølvsagt ikkje handla om mat på slike dagar, men kvifor ikkje? Ein god middag og ein dessert eller ei kake set…

Vår i vente

I går, den 2. februar var det Kyndelsmesse. I gamle dagar var dette den absolutt siste dagen i jula, så no er det på tide å byta ut siste rest av jul med noko som kan minna om vår. Eg likar å juksa litt med slikt, så for eit par veker sidan var eg ute…

Godt nytt år og takk for det gamle!

Det er alltid noko spesielt med eit nytt år. Det er tid for tilbakeblikk og takksemd for alt me har fått i året som gjekk. Eg har aldri hatt sansen for nyttårsforsett. Eg har meir tru på å gje meg sjølv og andre nye sjansar kvar dag og helst mange ganger i løpet av dagen. Ting…

Takk og god jul !

Det har vore ein utruleg spennande haust med ferdigstilling av boka og nokre svært fine og intense og veker frå eg fekk ho i hendene. Takk til alle som har delt gleda og forventninga med meg, teke del i feiring og markering og ikkje minst alle som har kjøpt boka til seg sjølv eller som…

HENJATUNET Mat frå Sogn. I salg no.

Dette er boka for matglade folk som verdset lokale råvarer og matproduksjon. Boka viser korleis ein kan byggja ei merkevare ut frå dei ressursane ein har tilgjengeleg og det særmerkte i tradisjon, natur og kultur. Oppskriftene inspirerer til å ta råvarene i bruk akkurat på den tida dei er best og lettast å få tak…