Betatt av Bordeaux

Frå Paris gjekk det strake vegen til Bordeaux der me hadde lagt inn ein ekstra dag for å få med oss vinsmaking. Men det var også spennande matopplevingar som venta oss.

Ein sein middag i mjuk kveldstemning på Place Saint-Michel, gav ein fin forsmak på kva vi hadde i vente i vinbyen. Til dei ulike smårettane, fekk me servert ein Colombelle, ein fruktig kvitvin frå området Gasgogne, et distrikt sørvest for Bordeaux.

Det var ikkje alt me forstod av denne menyen, men alle fekk seg mat
Place Saint- Michel
Det frittståande tårnet til Saint-Michel i Bordeaux

Neste formiddag var vannspeilet eit viktig mål for byvandringa, før byen si berømte kake måtte smakast saman med ein god kaffikopp på Books & Coffee.

Le miroir d’eau
Canele de Bordeaux, karamellisert utanpå, mjuk med deilig vaniljesmak inni
På Books & Coffe kan ein ha med seg ein pose Caneles frå konditoriet på andre sida av gata og nyte saman med ein kaffikopp

For dei mest kakeglade av oss, vart det også ein tur innom endå eit ‘patisserie’ for å nyta eit anna lokalt bakverk, før turen gjekk ut av byen saman med ein svært kunnskapsrik lokal guide.

Flan patissier

I vindistriktet Saint-Emilion besøkte me Chateau de Baleau, eit tradisjonsrikt vinslott som produserer vin med den høgste utmerkinga; Grand Cru. Her fekk me oppdatert vinkunnskapen vår og nytt gode smakar av vin, hovudsakleg laga på Merlotdrua, som er den viktigaste drua i dette området.

Vindruene her blir, ifølge guiden vår, dyrka økologisk, men på grunn av Grand Cru merkinga, er økologisk merking ikkje mulig.
Chateau de Baleau

Me lærte også om lagring av vinane i tønner av fransk eik og at innsida av tønnene er «svidde»i ulike grader. Dette saman med alder på tønnene, blandingsforhold mellom druene, korleis det aktuelle drueåret var mm, er med å gje kvar vin sin særeigne smak. Etter at tønnene har vore brukt i tre år, vert dei selt vidare til whiskeyprodusentar i Skottland og Irland. Gjenbruk er sjølvsagt her!

Vinane me fekk smake var Les Roches Blanches 2022 med omtrent 70 % Merlot, 20 % Cabernet Franc og 10 % Cabernet Sauvignon. Ein nydeleg vin som var perfekt saman med delikate små terningar av Comte. Så Chateau Cote de Baleau 2019 med 90 % Merlot og 10 % Cabernet Franc, der tynne skiver av lokal spekepølse passa perfekt i smak. Til slutt den, iallfall for oss, overraskande kombinasjonen av Chateau Cote de Baleau frå 2012 med 80 % Merlot, 15% Cabernet Franc og 5 % Cabernet Sauvignon og mørk sjokolade. Heilt fantastisk!

Ein tur rundt i den vakre landsbyen Saint-Emilion, som står på Unesco si verdsarvliste, var prikken over i’en. Her kunne me godt tenkja oss å komma tilbake ein gong.

Den innhaldsrike dagen vart avrunda med nok eit høgdepunkt; middagen på The French House, anbefalt av ein sympatisk og svært kunnskapsrik amerikanar som deltok på vinturen.


Ein lokal cremant smakte perfekt til deleforrettane med bl a broccolini, andehjerte, blinis, torskerognpure og ramsløk krem med rista pinjenøtter
Andebryst med sopp og både rista og kokte bygg gryn, smakt til med fersk rosmarin
Svin med «poppa» svor og ein fantastisk god potetpure
Til hovudrettane måtte me sjølvsagt ha ein Saint – Emilion, Grand Cru

Etter desserten med bakte fiken, timiangele og creme chantilly ( fransk eggekrem med vispa fløytekrem) var me heilt salige og klare for trikketuren tilbake til hotellet.