Gardskjøkkenet på nye eventyr

Endelig ny togtur!

Omlag et år etter me kom heim frå forrige tur, reiser me ut igjen, no er venninnegjengen på tur utvida til fire.

Å reise med tog tar lengre tid, og gir mulighet for fleire opplevingar undervegs. Dersom ein droppar nattog og heller overnattar i byar på vegen, blir «transportetappar» meir enn berre det. Ofte rekk ein og å oppleva noko som særpregar byen ein er i, før turen går vidare.

Denne gongen går turen til Portugal, med kortare og lengre stopp undervegs.

Første stopp etter båt frå Bergen var Odense, men på grunn av togproblem og store forseinkingar vart det ikkje tid til verken HC Andersen eller å smake på marsipanen som byen er så kjent for. Fokuset var meir på om toget ville gå som planlagt mot Hamburg neste morgon. Det gjorde det heldigvis og så bar det vidare nedover i Europa.

I Køln nådde me ein «fotosession» ved Kølnerdomen før sola gjekk heilt ned.

Dette imponerande og vakre byggverket er svært tilgjengelig, der det ligg like ved jernbanestasjonen. Påbegynt i 1248 og ferdigstilt i 1880, ligg det mykje historie her. Ein romersk-katolsk katedral på Unesco si verdsarvliste. Då den vart ferdigstilt var den høgaste bygning i verda, framleis er den tredje høgaste kyrkjebygning.

Det vart og tid til eit godt glas Spatburgunder på Maximilian Lorenz, som til alt overmål viste seg å vera ein Michelinrestaurant. Då angra me litt på Thai Curryen på toget frå Hamburg. Men vinen svarte til forventningane, er ein glad i Pinot Noir, er denne tyske utgava vel verdt å prøva. Med ei vinliste på 1200 «titlar» , skulle det og godt gjerast å ikkje finna noko som fall i smak.

Lunsjstoppet i Paris vart litt «oppspist» på grunn av forseinking på toget frå Køln. Lokføraren fekk hjarteproblem og me måtte venta på erstatning. Så langt me fekk vita, gjekk det bra med han og for oss førte det berre til litt mindre tid i Paris. Valget vart derfor ein restaurant inne på Gare Montparnasse, Depot Legal, som serverte ein nydeleg «fiskegrateng«. Slik kunne me kosa oss med god lunsj, samtidig som det var kort vei og ingen stress for å finna togplattformen til Bordeaux.