Til Portugal nesten heilt på skinner

Ei togreise utan store hendingar tok oss vidare til Madrid for eit overnattingsstopp. Men det vart nokre lange timar sidan me ikkje hadde sikra oss niste på vegen. Utvalget i kiosken var ikkje berekna på svoltne norske damer på tur!

På vegen beundra me dei mange og store pinjeplantasjane som særpregar landskapet her og fann ut at produksjon av pinjekjernar er ei stor og viktig næring i sentrale og sørlege Spania. Trea er og med på å hindre erosjon og dei beskyttar mot vind og har slik svært stor nytteverdi.

Ved togstasjonen Puerta del Sol vart me møtt av ein stor teltleir og mykje synleg politi. Det viste seg å vera del av ein demonstrasjon mot bustadpolitikken i landet og til minne om Maria del Carmen Abascal. Ho budde i same leilighet i 70 år, men vart tvangsflytta på grunn av at nye eigarar meir enn femdobla husleiga. Like etterpå døydde den gamle dama på 87 år.

Svært tankevekkande – og me vonar vårt valg av eit enkelt og relativt rimeleg ‘Hostal’ i sentrum av Madrid i staden for leilighet, iallfall ikkje var med å gjera denne situasjonen verre.

Frå Madrid gjekk turen vidare til Vigo, nær grensa til Portugal. Ein fin og lite turistprega havneby ved Atlanterhavskysten, med ei av verdas viktigaste fiskehavner.

På ein tilsynelatande enkel kafe nede ved havna, som hadde ope akkurat når me trengte det mest, fekk me servert eit nydelig måltid. Inkludert ei raus mengde tynt skorne skiver spekeskinke av Ibericogris, kanskje den beste me hadde smakt.

Kokken skar sjølv skiver av skinka som hang over disken.
Spanske bobler smakte perfekt til skinka.

Siste etappe før Portugal var mulig å ta med tog, men det var få ruter og toga gjekk til litt upraktiske tidspunkt. Så det vart buss til hovedbusstasjonen, der ein svært hyggelig mann viste oss lokaltoget me kunne ta berre eit stopp eller to, for å komme til sentrum av Porto.