Sjarmerande San Sebastian

Frå Bordeaux var det berre nokre få timar med toget til grensebyen Hendaye og me reiste så tidleg at me ikkje opplevde demonstrasjonen som var varsla i sentrum denne dagen.

Det siste stykket over grensa til den baskiske hovedstaden, som har namnet Donastia på sitt eige språk, gjekk med ein mindre «bybane». Den tok berre rundt ein halvtime og fekk oss fram til målet for dagen i tide til lunsj. Vergudane var ikkje heilt på vår side denne dagen, slik at me var svært så nøgde då me kunne finna oss et bord innerst i lokalet på ein hyggeleg kafe der personalet ønskte oss velkommen trass i all bagasjen og det våte regntøyet.

Byen ved Biscayabukta er kjent for sine historiske bygningar, film- og jazzfestivalar og gastronomi, faktisk den byen med flest Michelin restaurantar.

Pintxos er kanskje det byen et mest kjent for når det gjeld mat og vert servert overalt i små og større barar rundt om i den gamle bydelen. Eit fascinerande utval små godbitar, oftast på litt brød og sett saman med ein tannstikkar.

Små, lekre paiar og croquetas finn ein og i pinxtosbarane.

Men og baskarane er glad i det søte og den baskiske ostekaka ‘tarta de queso’ stod høgt på ønskelista over gastronomiske opplevingar. Det gjaldt nok for mange andre og denne oktoberlørdagen, det var kø utanfor pasteleri’ane og serveringa foregjekk etter samlebåndprinsippet.

Og sjølv om kaka vart servert på pappasjett og med plastskei, var smaksopplevinga uforgløymeleg for dei mest kakeglade av oss. Og den søte sherryen ved sida av, gjorde ikkje opplevinga mindre.

‘Tarta de queso’ er eigentleg meir ein dessert enn ei kake, ho har ingen botn, men er ein bakt og nesten brent «krem» av kremost, egg, sukker og fløyte.
På Cafe Oquendo har det vore kjendisar før oss og.
Bruhovud ved Maria Cristina brua.