Strålande, klare haustdagar og hjort på menyen

Me har sjølvsagt med oss hjortekjøtet når me lagar bok om mat frå Sogn. Som mange andre stader på i landet, har me god tilgang på denne fantastiske råvara og no om hausten er jegerane ute så  ofte dei kan. Denne gongen har me valt å servera hjorten med ein syrleg fløytesaus og og endå…

Henjatunet. Mat frå Sogn. Glimt frå boka.

Hausten er over oss og vinteren like om hjørnet. Det blir mindre og mindre att av dagen, me lyt vera raske skal me får oss ein tur ut i skog og mark før mørket kjem på. Men rekk du ein tur ut i det milde haustvêret, så sjå om du ikkje finn litt traktkantarell som…

Henjatunet. Mat frå Sogn. Smakebitar.

Mens me ventar på at boka kjem frå trykkeriet og ligg klar i bokhandelen, kan me kosa oss med denne  desserten som er som skapt for fine haustdagar. Lett å laga, lett å lika og med råvarer som dei fleste toler og får tak i . Dette er ingen revolusjonerande ny rett, men Henjatunet sin…

Sunt i sesong

Regnfulle haustdagar kan få eit lite løft med noko så enkelt som ei suppe. Det varmar både i kropp og sjel og gjev verdifull næring og ny styrke. Med ei god blanding av råvarer frå fjern og nær, får vi både bærekraftig proteintilskot og «grøne» vitamin og mineral. Kikertene kan kjøpast ferdig kokte om du…

Ut på tur!

Ikkje berre får du naturoppleving og trim, du kan òg hente mat, heilt gratis!  No er naturen full av gode råvarer som vi etterpå kan boltre oss med på kjøkkenet. I dag er det kantarellen som står i fokus hos meg og denne enkle, men smakfulle kantarellsuppa fungerer både som enkel lunsjrett og fin forrett,…

Vårlig 17.mai dessert

I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med  Ta Kaka,  i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at…

Sitronterte (på) ein-to-tre

Mi matlaging  handlar ofte om å forenkla og  å dela opp det eg skal gjera i  passsande porsjonar. Eg er ikkje glad i oppskrifter med lange ingredienslister og kompliserte framgangsmåtar, der eg må sjekka heile tida kva som skal i og om eg har huska å gjera alt. Derimot likar eg oppskrifter der ingrediensane er i bestemte forhold…

Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra. Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker…

Vår – med ein smak av sommar

Så var våren her, endeleg! Sjølv om det har vore kaldt og ikkje noko drivande ver, måtte eg prøva rabarbraen alt i forrige veke. Dei første få stilkane måtte nesten gravast fram, det var fint lite som stakk opp for berre nokre dagar sidan. Eg måtte på bygda og tigga stilkar for å få nok…

SMAK olivenolje

Ein av mange matrelaterte aktivitetar i det solfylte, vårlege Pisaområdet, er eit besøk på ein olivengard. Rett nedom landsbyen Montemagno, finn vi eit flott eksemplar av sorten. Og det kan seiast med ein gong –  det er store forskjellar på olivenolje –  både i innhald og  smak. Grad av syre og innhaldet av polyfenolar  – dei…

Mat ute i Toscana

I den samme vesle landsbyen har dei også  ein «trattoria» som er open til middag kvar kveld og til lunsj kvar søndag. Her blir det fullt, ein må bestilla bord for å vera sikra plass. Dette er ein uformell og enkelt innreidd spisestad der maten er det einaste som er i fokus. Husets vin held…