Ut på tur!

Ikkje berre får du naturoppleving og trim, du kan òg hente mat, heilt gratis!  No er naturen full av gode råvarer som vi etterpå kan boltre oss med på kjøkkenet. I dag er det kantarellen som står i fokus hos meg og denne enkle, men smakfulle kantarellsuppa fungerer både som enkel lunsjrett og fin forrett,…

Vårlig 17.mai dessert

I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med  Ta Kaka,  i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at…

Sitronterte (på) ein-to-tre

Mi matlaging  handlar ofte om å forenkla og  å dela opp det eg skal gjera i  passsande porsjonar. Eg er ikkje glad i oppskrifter med lange ingredienslister og kompliserte framgangsmåtar, der eg må sjekka heile tida kva som skal i og om eg har huska å gjera alt. Derimot likar eg oppskrifter der ingrediensane er i bestemte forhold…

Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra. Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker…

Vår – med ein smak av sommar

Så var våren her, endeleg! Sjølv om det har vore kaldt og ikkje noko drivande ver, måtte eg prøva rabarbraen alt i forrige veke. Dei første få stilkane måtte nesten gravast fram, det var fint lite som stakk opp for berre nokre dagar sidan. Eg måtte på bygda og tigga stilkar for å få nok…

SMAK olivenolje

Ein av mange matrelaterte aktivitetar i det solfylte, vårlege Pisaområdet, er eit besøk på ein olivengard. Rett nedom landsbyen Montemagno, finn vi eit flott eksemplar av sorten. Og det kan seiast med ein gong –  det er store forskjellar på olivenolje –  både i innhald og  smak. Grad av syre og innhaldet av polyfenolar  – dei…

Mat ute i Toscana

I den samme vesle landsbyen har dei også  ein «trattoria» som er open til middag kvar kveld og til lunsj kvar søndag. Her blir det fullt, ein må bestilla bord for å vera sikra plass. Dette er ein uformell og enkelt innreidd spisestad der maten er det einaste som er i fokus. Husets vin held…

Toscana

Eit paradis for matelskarar og den som syns våren heime kjem litt seint i gong. Her er råvarene me her heime berre kan drøyma om lenge enno, hvis me i det heile får tak i dei ; artisjokk, fennikel, fine små squash, solmodne tomatar for å nevna nokre.  Aspargesen og bondebønnene var alt etne opp…

Bærsalat

Etter at dei siste lagringsepla  har takka for seg og rabarbraen enno ikkje har komme seg opp av vinterdvalen, er det lite å henta ute av friskt følgje til desserten. Kanskje du heller ikkje har fått hermetisert noko i haust. Då har eg dette tipset om du vil servera noko søtt og friskt, saman med…

Ferske grønsaker frå frosen jord

Litt overdrive kanskje, men ikkje mykje. Jordskokken kan hentast opp heile vinteren igjennom så lenge jorda ikkje er altfor frosen. Han toler kulden og beheld både smak og konsistens på ein framifrå måte. Det er kjærkomme no etter ein lang vinter og medan det endå er langt til vår, iallfall når det gjeld ferske grønsaker….

Gardskjøkenet i Veggisveko

Når ungdommane i POW går føre med eit så godt eksempel, er det på sin plass at vi vaksne følgjer etter. Denne veka i februar er det ekstra fokus på å ete mindre kjøt og meir grønsaker. Faktisk er vi utfordra på å laga alle middagar utan kjøt! Det fine med dette initiativet er at…