Så var våren her, endeleg! Sjølv om det har vore kaldt og ikkje noko drivande ver, måtte eg prøva rabarbraen alt i forrige veke. Dei første få stilkane måtte nesten gravast fram, det var fint lite som stakk opp for berre nokre dagar sidan. Eg måtte på bygda og tigga stilkar for å få nok…
Kategori: Oppskrifter
Bærsalat
Etter at dei siste lagringsepla har takka for seg og rabarbraen enno ikkje har komme seg opp av vinterdvalen, er det lite å henta ute av friskt følgje til desserten. Kanskje du heller ikkje har fått hermetisert noko i haust. Då har eg dette tipset om du vil servera noko søtt og friskt, saman med…
Ferske grønsaker frå frosen jord
Litt overdrive kanskje, men ikkje mykje. Jordskokken kan hentast opp heile vinteren igjennom så lenge jorda ikkje er altfor frosen. Han toler kulden og beheld både smak og konsistens på ein framifrå måte. Det er kjærkomme no etter ein lang vinter og medan det endå er langt til vår, iallfall når det gjeld ferske grønsaker….
Gardskjøkenet i Veggisveko
Når ungdommane i POW går føre med eit så godt eksempel, er det på sin plass at vi vaksne følgjer etter. Denne veka i februar er det ekstra fokus på å ete mindre kjøt og meir grønsaker. Faktisk er vi utfordra på å laga alle middagar utan kjøt! Det fine med dette initiativet er at…
Kirsebærlikør
Å la årstidene styra deg i matvegen betyr å vera både til stades her og no og å tenkja framover. På ettersommaren og tidleg på hausten er vi velsigna med ei overflod frå naturen sitt skattkammer og det er ikkje lett å rekka over alt. Då er det godt å ha enkle ting å ty…
Hylleblomsaft
Ein fin dag midt på sommaren, gjerne i byrjinga av juli, kan du henta inn sommarsmak til resten av året. Dette er ikkje eigentleg ei saft, meir ein krydra sirup som har henta smaken sin frå dei blomsterskjermane til hyllen. Dersom du blandar denne sirupen med vatn, får du ein lett og sommarleg drikk. Tilset…
Italiensk marengs
Strengt tatt er ikkje dette ein dessert i seg sjølv, men ein viktig «byggestein» til fleire dessertar. Uten denne kan du ikkje laga min heimelaga vaniljeiskrem eller eplesorbéten av Gravenstein. Det kan verka komplisert å laga denne første gangen, men det er faktisk ganske lett, berre ein er nøyaktig og varsam. Dette er ikkje noko…
Crème Brûlée
Ein sikker vinnar som avslutning på måltidet! Her blir han laga med stjerneanis som smakstilsetjing og avkjølt heilt før servering. Det beste er då å gje han eit lite dryss av uraffinert sukker og la han få nokre minutt under grillen før servering. Men pass på, grensa mellom passe og litt for mykje grilla er…
Omelett med skogsopp
Ein enkel smårett som også fungerer som ein middagsrett utan kjøt. Med protein frå egga er dette eit fullverdig måltid. Ein kan sjølvsagt laga omelett med alle slag fyll, også sopp frå butikken, men det er lite som slår sjølvplukka fersk skogsopp. Det er best å surra soppen litt på panna saman med smør eller…
Kinakål med basilikumpesto
Denne enkle grønsakretten passsar til både kjøt og fisk. Prøv han til langsteikt lammelår eller ovnsbakt laks. Pass på at du kjøper pesto som ikkje inneheld parmesanost eller pecorini dersom du skal laga han utan mjølkeprodukt. Lagar du pestoen sjølv, har du full kontroll. For å gjere retten meir krema og mildare i smaken, kan…
Gluten – og mjølkefrie krumkaker
Desse krumkakene er like gode som dei «vanlege», det heilt unødvendig å laga to sortar. Om du då ikkje er av den typen som er veldig nøye med kor tynne dei er og at fargen er aldeles jamn over det heile. Det kan nok vera ørlite lettare å få dei perfekte på gamlemåten med kveitemjøl,…
Panna cotta
Ofte er det lurt å henta inspirasjon utanfrå. Denne klassiske desserten kunne godt vore norsk, av og til let vi som han er det og kallar han fløytepudding. Men han stammar frå Italia og namnet betyr kokt fløyte. Med litt sukker, sitron og vanilje blir «kokt fløyte» utruleg godt. Prøv han med ei god flaske…
