Tid for bønner

I butikken er bønner tilgjengelege heile året; tørka, frosne eller ferske. Ofte kjem dei langvegsfrå. Har ein litt plass i hagen, er dei relativt takknemlege å dyrka sjølv og i vårt klima er dei på sitt beste no på ettersommaren og utover hausten,  i den grøne utgava sjølvsagt.  Min favoritt mellom bønner er den nyreforma bondebønna, som faktisk…

Plommer, plommer, plommer

På ein varm og god tidleg haustdag gjeld det å finna balansen mellom utetid i sola og kjøkkentid. Enklare enn denne desserten kan det knapt gjerast. Inspirasjonen er den franske clafoutis, der ei røre av egg, sukker,  mjøl og mjølk vert hellt over kirsebær før baking i ovn. Eg har bytt kveitemjølet ut med mandelmjøl, mandelsmaken er…

Eksklusive aprikosar

  Å bu i ein fruktbar del av landet, med eit klima som er særs godt eigna for fruktdyrking, gjer det spanande å prøva andre fruktsortar enn dei tradisjonelle. For meg betyr det noko heilt spesielt når aprikostreet utanfor soveromsvinuduet, blømer i solveggen tidlig på våren, alt før dei første plomekvistane kvitnar. At det blømer tidlig er…

Haustgleder

  Nokon kvar kjenner no på vemodet ved at nok ein sommar er over. Sjølv om hausten kan bli varm og fin, forlet sommaren oss no enten vi vil det eller ikkje. Då er det mykje trøyst i det hausten kan by på av smakfulle godsaker.